Annonse

Svenskane droppar høgdeleir, Northug likevel til Val Senales

Dei svenske langrennsløparane droppar høgdesamlinga i Val Senales som følgje av snømangel. Petter Northug og dei norske løparane held fast ved sin plan.

Annonse

Fredag opplyste det svenske skiforbundet i ei pressemelding at det planlagte opphaldet på breen i Val Senales likevel ikkje blir noko av. Årsaka er at snøforholda langt frå er ideelle.

I den norske leiren har dei også fått med seg snøproblematikken. Sprintlandslagstrenar Arild Monsen opplyser til NTB at det likevel ikkje blir endringar i det planlagte opplegget.

- Vi har litt kontakt med det finske landslaget som er i Val Senales. Der er det i alle fall heilt OK fine forhold i skøytetraseen. Dermed lar det seg gjere å gå skøyting per dato, seier Monsen.

Han er allereie på plass i Italia, der fleire norske løparar dei siste dagane har trent i Livigno. Petter Northug er blant dei.

Monsen kryssar fingrane for at forholda i Val Senales raskt blir betre.

- Vi har vore der så mange gonger, og det er ikkje tilfeldig at vi er der på nettopp desse datoane. Det har ofte komme snø under opphaldet tidlegare, seier landslagstrenaren.

Han er ikkje redd for at utbytet av opphaldet skal bli påverka av at ein i augneblinken ikkje kan gå klassisk på breen i Italia.

- Det får vi ta etter kvart. Vi har jo også barmarkstrening ved sida av treningane på breen, påpeikar Monsen.

På herresida deltar Petter Northug, Sindre Bjørnestad Skar, Pål Golberg og Emil Iversen på høgdesamlinga i Italia. Frå kvinnelandslaget stiller Therese Johaug, Ingvild Flugstad Østberg, Maiken Caspersen Falla, Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Mari Eide og Tiril Udnes Weng.

(©NPK)

Langrennstrenar for det norske sprintlandslaget på ski, Arild Monsen, seier dei norske reiser til Val Senales. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix