Annonse

Svenskane seier nei til EU-hær

Sveriges forsvarsminister Peter Hultqvist stiller seg avvisande til ideen om ein felles europeisk hær.

- Dette har vi ingen planar om å støtte frå svensk side, sa Hultqvist i forkant av EUs utanriks- og forsvarsministermøte i Brussel måndag.

Frankrikes president Emmanuel Macron og Tysklands statsminister Angela Merkel har begge nyleg teke til orde for ein «ekte europeisk hær».

Hultqvist er ikkje imponert.

- Dei har jo oppfatningane sine. Men vi ser på forsvaret som eit nasjonalt spørsmål, og vi ser på EU som eit samarbeid mellom nasjonalstatar, ikkje som ein føderasjon, sa forsvarsministeren.

- Vi har ingen planar når det gjeld ein EU-hær, sa han.

(©NPK)