Annonse

Svenske blir ny teatersjef for Den Nationale Scene

Den svenske regissøren og skodespelaren Stefan Larsson er tilsett som ny sjef for Den Nationale Scene (DNS) i Bergen.

Den svenske regissøren og skodespelaren Stefan Larsson er tilsett som ny sjef for Den Nationale Scene (DNS) i Bergen.

- Stefan Larsson er ein av dei mest anerkjente instruktørane i Norden og har også omfattande leiarerfaring. Dei sterke kunstneriske visjonane hans og engasjementet han har for DNS, såg vi blant anna da han regisserte Hamlet i 2017, og vi er svært takknemlege for at han ønsker å komme tilbake til Bergen for å leie teateret, seier styreleiar Siren Sundland.

Det var elleve søkjarar til stillinga. Åremålet er på fire år, med opsjon til å fråtre etter to. Larsson tar over for Agnete Haaland 1. januar 2020, men startar førebuingane i august neste år.

Den nye teatersjefen seier det er ei ære å få leie det første nasjonalteateret i Noreg og forvalte tradisjonen som starta med Ibsen.

- DNS har ein viktig plass i byen, og eg ønsker at teateret skal vere ein møteplass for bergensarane - ein stad der dei kan bli engasjerte; rørte, underhaldne og provoserte, seier Larsson.

Blant dei andre søkarane var skodespelarane Helge Jordal og Johannes Joner. Ved fristen 15. august var det komme inn søknader frå fire kvinner og sju menn. Fire av dei var unnateke offentlegheit, blant dei Stefan Larsson.

(©NPK)