Klargjør siden...
Annonse

Svenske flyplassar stengde på grunn av radarproblem

(NPK-NTB): Arlanda flyplass ved Stockholm og ei rad andre svenske lufthamner er stengde på grunn av tekniske problem med radaren.

Det svenske Luftfartsverket bekreftar at luftrommet over Stockholm er stengt.

Ingen fly kan ta av frå Arlanda eller Bromma, men fly som er i lufta, kan lande når dei kan takast ned manuelt.

Også Landvetter i Göteborg og Linköping er berørt av radarproblema i Stockholm.

Det er ikkje klart kor lenge problema varer eller når flyplassen kan opne igjen, melder (©NPK) Aftonbladet.

Annonse