Annonse

Sveriges Nato-forhandlar besøkjer USA

Leiaren for Sveriges Nato-forhandlingar Oscar Stenström er i USA, der han mellom anna skal treffe den nasjonale tryggingsrådgivaren Jake Sullivan.

Annonse

Stenström reiste til USA saman med Sveriges nasjonale tryggingsrådgivar Henrik Landerholm tidlegare i veka. Hovudtema for besøket er Nato og tryggingssituasjonen, men nøyaktig kva dei skal snakke om, er ikkje kjent.

USA-reisa skjer samtidig som statsminister Ulf Kristersson er vert for den finske kollegaen sin Sanna Marin i Stockholm. Der sa Marin at ho står fast ved at dei to landa skal gå inn i forsvarsalliansen saman.

Forhandlingsleiar Stenström er hovudansvarleg for Nato-samtalane mellom Sverige og Tyrkia. Sistnemnde har sett seg på bakbeina i prosessen og er førebels ikkje villig til å godkjenne innmeldinga til Sverige.

(©NPK)