Sveriges skiskyttarsjef fall i trapp – mistar VM og resten av sesongen

Johannes Lukas, sjef for dei svenske skiskyttarane, må opererast og mister både VM i Pokljuka og resten av denne sesongen.

Lukas fall i ei trapp under verdscuprenna i Anterselva og slo opp ein gammal skulderskade. Etter undersøkingar i München er det fastslått at han må opererast. Inngrepet vil bli utført onsdag.

– Skuldra er ute av ledd, og det er brot i leddskåla og ein skadd på leddkapselen. Dette krev operasjon, seier landslagslege Lykke Tamm i ei pressemelding frå Sveriges skiskyttarforbund.

Etter operasjonen skal Lukas konsentrere seg om rehabilitering, noko som betyr at han ikkje kan hjelpe dei svenske utøvarane under VM eller resten av sesongen.

– Det er leitt å miste høgdepunktet i sesongen, men eg er overtydd om at førebuingane våre har sett løparane i stand til å prestere optimalt i VM sjølv om eg ikkje er der, seier Lukas.

Sportssjef Anna Maria Uusitalo overtek funksjonane hans inntil vidare.

(©NPK)

Sebastian Samuelsson og dei andre svenske skiskyttarane får ikkje hjelp av landslagssjefen under VM. Sebastian Lukas må opererast etter å ha falle i ei trapp under verdscuprenna i Anterselva. Foto: Terje Bendiksby / NTB