Svindal blir programleiar for «Mesternes mester»

Eksalpinist Aksel Lund Svindal tek over for Dag Erik Pedersen og blir ny programleiar for «Mesternes mester», som han sjølv vann sist sesong.

– Eg er verkeleg stolt og smigra over å bli spurd. Det var veldig overraskande, og neppe noko eg ville ha tenkt på å gjere viss eg ikkje sjølv hadde vore med i «Mesternes mester» denne sesongen, seier han til NRK.

I programmet møtest tidlegare toppidrettsutøvarar for å konkurrere om å bli Mesternes mester. Programmet vart første gong sendt i 2009 då Dag Otto Lauritzen vann programmet.

Dag Erik Pedersen har leidd programmet gjennom ytterlegare elleve sesongen sidan den gong, men varsla måndag at han gir seg i rolla.

Pedersens siste sesong vart òg den best sette, med over 1,5 million sjåarar i gjennomsnitt, ifølgje Pedersen sjølv. Den sesongen vart vunnen av nettopp Aksel Lund Svindal.

Svindal fekk mellom anna med seg to OL-gull og fem VM-gull gjennom karrieren. Det inkluderer Noregs første utfor-gull både i OL- (2018) og VM-samanheng (2007). Han la opp etter 2019-sesongen.

(©NPK)

Aksel Lund Svindal skal leie «Mesternes mester» kommande sesong. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB