Svindal forlét Chile-samling tidlegare enn planlagt

Aksel Lund Svindal står over den siste veka av treningssamlinga i Chile. Det er framleis ikkje klart om alpinveteranen går laus på ein ny sesong.

Den regjerande OL-meisteren i utfor skulle eigentleg vere saman med resten av det norske fartslaget ei veke til, men fredag reiste han heim.

- Svindal har avslutta samlinga i Chile etter å ha gjennomført gode skiøkter der. No fortset han førebuingane til sesongstarten i Europa, seier kommunikasjonssjef Espen Graff i Norges Skiforbund til NRK.

35-åringen har sjølv omtalt opphaldet i Chile som ei av dei aller viktigaste treningssamlingane før sesongstart. Svindal har dei siste åra slite med knetrøbbel, og han har trent mykje alternativt sidan førre sesong.

Må fungere i november

Det norske fartslaget har ei ny samling i Colorado før sesongen startar i canadiske Lake Louise i slutten av november.

- Det må fungere bra her, og november er nøkkelen. Dersom det ikkje fungerer der, så er eg heilt ferdig, sa Svindal til NRK under samlinga i Chile.

I sommar sa fartskongen at han skulle ta seg god tid før han bestemmer seg for om det blir ein ny landslagssesong.

- Det blir kneet som avgjer. Dersom du føler du kan gjennomføre ordentleg, er det mykje meir gøy. Blir det litt meir halvvegs og vondt, som gjer det litt amputert, er det ikkje fullt så gøy. Då er det ikkje like fornuftig heller, sa Svindal til NTB i juni.

Utruleg merittliste

Svindal har hatt fire alvorlege skadeavbrekk. Kvart enkelt tilfelle kunne øydelagt alpinkarrieren, men han har alltid komme tilbake.

Dei siste åra har han hatt knetrøbbel som følgje av uhellet i Kitzbühel i 2016. Då rauk både korsbandet og menisken. I tillegg fekk han bruskskadar.

I februar suste Svindal inn til eit etterlengta OL-gull i utfor. Det var første gong at Noreg fekk ein olympisk meister i fartsdisiplinen. Han står også med OL-gull i super-G frå 2010-leikane i Vancouver, der han også tok sølv i utfor og bronse i storslalåm.

Merittlista i VM viser fem gull, eitt sølv og éin bronse.

Svindal står med 35 verdscupsigrar, der tre av dei kom sist sesong. I 2007 og 2009 vann han den store krystallkula som samanlagtvinnar av den totale verdscupen. Han har også tatt heim cupane i super-G (fem gonger), utfor (to), storslalåm og superkombinasjon.

(©NPK)

Aksel Lund Svindal drog heim frå treningsopphaldet i Chile ei veke før tida. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix