Sykling: Hagen blir utanlandsproff

Krister Hagen (29) har signert proffkontrakt med det danske Riwal-laget frå 2019-sesongen.

Krister Hagen (29) har signert proffkontrakt med det danske Riwal-laget frå 2019-sesongen.

- Det er med stor glede vi kan melde at Krister Hagen vil gå inn blant dei profesjonelle i 2019-sesongen, skriv Hagens noverande lag, Team Coop, i ei pressemelding.

Team Coop bekreftar til NTB at det dreier seg om det danske laget Riwal Ceramicspeed, der også landsmannen Sindre Lunke blir proff frå neste sesong.

Begge nysigneringane vart presenterte på ein pressekonferanse torsdag.

Hagen signerte nyleg ein ny kontrakt med Team Coop, og der skal han ha skaffa seg ein klausul som gjer det mogleg å komme seg ut i Europa.

(©NPK)

Krister Hagen blir proff i danske Riwal frå 2019-sesongen. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix