Talet på omkomne stig etter jordskredet på Filippinane

29 personar er så langt bekrefta omkomne etter jordskredet på øya Cebu på Filippinane torsdag mens minst 60 er sakna, opplyser lokale myndigheiter.

Tragedien inntrefte få dagar etter at tyfonen Mangkhut kosta minst 88 filippinarar livet nord i landet. Mange av dei omkom då eit jordskred ramma ein bygning der gruvearbeidarar hadde søkt tilflukt under uvêret.

Denne gongen vart ei rad hus dekte av jord etter at ei fjellside raste ut ved byen Naga på øya Cebu torsdag morgon. Talet på hus som vart tatt av raset, er uklart. Ifølgje enkelte meldingar dreier det seg om minst ti hus, mens andre kjelder oppgir at rundt 30 hus vart ramma.

Redningsarbeidarar leitte fredag etter mellom 60 og 67 menneske som vart ramma av jordskredet, ifølgje kjelder på staden.

Kystbyen Naga har over 100.000 innbyggjarar. Øya Cebu, som også er ein provins, vart ikkje direkte treft av tyfonen som ramma Filippinane i førre veke. Det er relativt sjeldan at jordskred rammar Cebu, ei øy som også er eit populært turistmål.

(©NPK)

Redningsarbeidarar jobbar på rasstaden i Naga på øya Cebu. Foto: Bullit Marquez / AP / NTB scanpix

Frivillige frå lokale Røde Kors bidrar i redningsaksjonen i Cebu-provinsen på Filippinane der opptil 30 små hus torsdag morgon vart ramma av eit stort skred. Foto: Philippine Red Cross-Cebu Chapter via AP / NTB scanpix