Talet på returar frå Noreg nesten dobla

18.791 personar vart sende ut frå Noreg i 2021, nesten dobbelt så mange som året før. Aldri før har så mange vorte sende ut av landet i løpet av eit år.

Den store auken kjem av koronarestriksjonane, opplyser politiet.

Meir enn ni av ti returar i fjor kom av bortvisingar etter den mellombelse lova om innreiserestriksjonar for utlendingar av omsyn til folkehelsa, som vart innført i januar i fjor.

– Fram til slutten av september var arbeidet med å redusere importsmitte heilt sentralt i den nasjonale smittevernstrategien. Bortvisingstala viser omfanget av arbeidet til politiet i den nasjonale smittevernberedskapen, seier sjef Arne Jørgen Olafsen i Politiets utlendingseining (PU).

(©NPK)

Politiet på grensekontroll i Meråker, ved grensa mot Sverige. Foto: Ole Martin Wold / NTB / NPK