Tande framleis på sjukehus – vart operert torsdag

Daniel-André Tande vart torsdag operert for kragebeinsbrotet han pådrog seg i det stygge Planica-fallet. Han er framleis innlagd på Ahus.

Det opplyser Skiforbundet i pressemelding.

– Daniel er framleis innlagd på Akershus universitetssjukehus og vart i går operert for kragebeinsbrot. Operasjonen var vellykka, og han har det etter forholda bra, seier legen til hopplandslaget Guri Ranum Ekås fredag.

Tande fall stygt i skiflygingsbakken i Planica torsdag før påske. Uhellet skjedde i ein prøveomgang. Han brekte kragebeinet og punkterte ei lunge, men slapp unna hovud- og nakkeskadar.

– Det er viktig å understreke at han har vore igjennom ei omfattande fallulykke med slagskadar mot store delar av kroppen. Dette gjer at han treng tid og ro for å komme til hektene, seier Ekås.

– Spesielt slagskadar mot hovudet krev ro og kvile som inneber avgrensing på skjermbruk og konsentrasjonskrevjande aktivitetar. Denne behandlinga samsvarer ikkje med møte med media. Daniel vil derfor ikkje vere tilgjengeleg for media etter utskriving og dei næraste vekene etterpå, legg ho til.

(©NPK)

Daniel-André Tande er framleis på sjukehus etter fallet i Planica. Foto: AP / NTB