Klargjør siden...
Annonse

Tande til røntgen

(NPK-NTB): Hopparen Daniel-André Tande (22) var måndag gjennom røntgen for å få heilt sikre svar på kva som er grunnen til smerter i leggene.

– Han har slite med betennelse i leggene som er forårsaka av belasting etter mange lange hopp. Så då må vi sjekke at alt er i orden. Det er ikkje noko alvorleg, men vi må vere sikre på at det ikkje er snakk om trøyttleiksbrot eller noko liknande, seier landslagstrenar Alexander Stöckl til NTB.

– Men det er ikkje snakk om at sesongen er i fare?

– Absolutt ikkje, svarer austerrikaren.

Landslagshopparane er denne veka samla i Midtstubakken i Oslo. (©NPK)

Annonse