Tangnes vart årets trenar i Sveits

Zug-trenaren og nordmannen Dan Remy Tangnes er kåra til årets trenar i sveitsisk ishockey.

Ifølgje VG er det den sveitsiske avisa Le Matin som skriv dette.

42-åringen frå Oslo leidde Zug til ein suveren siger i grunnserien i den sveitsiske toppligaen.

Tangnes vann avstemminga klart. Han fekk 19 stemmer mot Genève/Servettes Patrick Emonds tre stemmer.

Zug-spelaren Jan Kovar vart kåra til årets spelar. Han var òg poengkongen i serien.

Dan Remi Tangnes hadde òg suksess i svenske Rögle og Linköping i eit par sesongar før turen gjekk til Sveits i 2018.

(©NPK)

Tsjekkaren Jan Kovar (t.v.) vart kåra til årets spelar i Sveits denne sesongen. Foto: Pavel Golovkin / AP / NTB