Tarik Elyounoussi truleg klar til Slovenia-kampen

Tarik Elyounoussi trente for fullt heile siste økta før landskampen mot Slovenia fredag. Ei endeleg avgjerd om han skal spele blir teken seinare torsdag.

Torsdag trente det norske laget på kamparenaen i Ljubljana. Dei første 20 minutta var opne for pressa.

Tarik Elyounoussi er einaste spørsmålsteikn i Lars Lagerbäcks landslagstropp før kampen mot Slovenia, etter å ha måtta gå ut med skade då AIK vart svensk seriemeister søndag. Det var snakk om at det kunne vere ein strekk, men det er iallfall avkrefta. I staden er det snakk om ein sliten muskel.

- Alle trente i dag. Vi har ingen spørsmålsteikn utanom Tarik. Han trente ei full trening i dag, men vi skal evaluere med det medinske teamet i ettermiddag og avgjere om han er speleklar, sa Lagerbäck på pressekonferansen torsdag.

- Det er eg og Perry som tek avgjerda. Om det er så ille at det kan bli veldig mykje verre, då seier det medisinske teamet det, men eg trur ikkje det handlar om at det medisinske seier at han absolutt ikkje skal spele, sidan han var så pigg i dag. Men viss dei seier at han ikkje skal spele, så bøyer eg meg for det, la han til.

Han vil uansett ta ut sine elleve føretrekte til møtet til Slovenia, sjølv om Kypros-kampen kjem tett på.

- Vi kjem til å ta ut det beste laget for å møte Slovenia. Så får vi sjå etter kampen. Det finst fleire gode spelarar i kvar posisjon, sa Lagerbäck.

Før samlinga har landslagsjef Lars Lagerbäck fått forfall frå to sentrale spelarar; midtstoppar Kristoffer Ajer og stjernespissen Joshua King.

Noreg møter Slovenia fredag og Kypros måndag i UEFAs nasjonsliga. Begge kampane blir spelt på bortebane.

(©NPK)

Landslagssjef Lars Lagerbäck (t.v.) og assistenttrenar Per Joar Hansen under treninga torsdag. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix