Telemark: Løken skadd då Noreg enda på fjerdeplass i parallellslalåm

Trym Nygård Løken fekk truleg slått skuldra ut av ledd då han datt under parallellslalåmen i lagkonkurransen under VM torsdag. Noreg vart nummer fire.

Det var midtveges i løypa at Løken fekk problem og måtte over ende i duellen mot den sveitsiske konkurrenten. Han fekk behandling av den venstre skuldra av førstehjelpsmannskapa, og vart køyrd ut av anlegget ved Gaustablikk på båre.

Onsdag gjekk han til topps i den klassiske konkurransen under VM. Tidlegare i sesongen sikra han seg samanlagtsigeren i verdscupen.

Noreg enda på fjerdeplassen i konkurransen etter å ha tapt bronseduellen mot Frankrike. Gullet gjekk til Sveits som slo Tyskland i finalen.

Noreg tapte tidlegare semifinaleduellen med 1-2 mot Sveits.

Guro Helde Kjølseth og Amund M. Haugen var òg på det norske laget.

Kjølseth vann duellen sin, men franskmennene vann den andre ettersom ein ikkje hadde sett inn nokon erstattar for skadde Løken. Dermed vart det heile avgjort mellom Philippe Lau og Haugen. Der var franskmannen klart best.

(©NPK)

Trym Nygård Løken vann gull i klassisk stil under VM onsdag. Torsdag datt han i parallellkøyringa i lagkonkurransen. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix