Telenor må betale 788 millionar i gebyr

Høgsterett har forkasta Telenors anke, og dermed må teleselskapet betale eit gebyr dei fekk i 2018.

Konkurransetilsynet gav Telenor eit straffegebyr på 788 millionar kroner for misbruk av stillinga si i den norske mobilmarknaden. Gebyret er det høgaste tilsynet har gitt nokosinne.

Telenor klaga saka inn til Konkurranseklagenemnda, men vann ikkje fram. Deretter gjekk saka vidare til domstolen.

I sommar heldt Gulating lagmannsrett oppe vedtaket frå konkurransestyresmaktene. Telenor anka vidare til Høgsterett, men fekk ikkje medhald, ifølgje NRK.

Bakgrunnen for saka er ein prismodell Telenor hadde i ein grossistavtale med Network Norway i perioden 2010–2014.

Telenor meinte avtalen var i tråd med konkurransereglane og at den gav auka konkurranse til fordel for kundane. Dette synet vann ikkje fram hos Konkurransetilsynet, klagenemnda eller i lagmannsretten, og spørsmålet blir ikkje behandla av Høgsterett. Vidareføringa til lagmannsretten av vedtaket blir dermed ståande.

(©NPK)

Telenor anka rekordgebyret til Høgsterett, men anken er forkasta. Foto: Gorm Kallestad / NTB