Klargjør siden...

Telia-oppdatering truleg skuld i flystopp

(NPK-NTB-TT): Svenske luftfartsmyndigheiter trur ei dataoppdatering hos Telia er årsaka til radarfeilen som skapte trøbbel for flytrafikken i landet.

På eit møte fredag sa Luftfartsverket at den førebelse konklusjonen deira er at arbeid på systemet til Telia førte til radartrøbbel torsdag, skriv Dagens Nyheter.

Svensk luftrom var stengt i fleire timar, og 113 flygingar blei innstilte.

Samtidig med trøbbelet i flytrafikken var kommunikasjonssystemet til naudetatane nede.(©NPK)

Annonse