Tenåring drepen av israelsk eld under protest på Gazastripa

Ein 15 år gammal palestinsk gut er skoten og drepen av israelske soldatar under ein protest på Gazastripa, ifølgje palestinske helsestyresmakter.

Offeret, Youssef al-Dayya, døydde på sjukehus etter at han vart treft av eit skot i brystet. Guten vart skoten då han demonstrerte saman med tusenvis av andre palestinarar langs gjerdet på grensa mot Israel.

Ifølgje helsestyresmakter i Gaza er 30 andre demonstrantar treft av israelsk eld i dei seinaste protestane på Gazastripa.

Kvar veke i nærare eitt år har palestinarar samla seg på ulike stader langs grensegjerdet for å protestere mot Israels blokade av enklaven. Protestane har ofte utvikla seg til valdelege opptøyar.

Sidan mars i fjor har 250 palestinarar vorte drepne på Gazastripa. I same periode har to israelske soldatar mista livet.

(©NPK)