Annonse

Tenåring drepen i nye opptøyar i Nicaragua

Maskerte og væpna menn har gått til angrep på regjeringskritiske demonstrantar i Nicaraguas hovudstad Managua. Ein 16-åring er drepen, opplyser politiet.

I tillegg skal fem personar vere skadde i opptøyane. TV-bilde viser væpna menn med det svarte og raude flagget til president Daniel Ortegas regjeringsparti.

Politiet opplyser at 16 år gamle Max Romero er drepen i ei skotveksling.

Lokale menneskerettsgrupper seier at minst 320 menneske er drepne sidan uroa starta i april. Ortega gjentok laurdag at han ikkje vil gi etter for kravet frå demonstrantane om å flytte fram presidentvalet som er planlagt i 2021.

(©NPK)

Demonstrantar i Nicaraguas hovudstad Managua søkjer tilflukt i ei kyrkje etter at maskerte menn opna eld mot demonstrasjonen søndag. Foto: Oscar Navarrete / AP / NTB scanpix