Terrorekspert fryktar håpet svinn for Sekkingstad

(NPK-NTB): Likvideringa til Abu Sayyaf av den canadiske gisselen Robert Hall gjer at situasjonen for nordmannen Kjartan Sekkingstad ser endå mørkare ut, meiner terrorekspert Jan Oskar Engene.

Hall blei bortført saman med landsmannen John Ridsdel, den filippinske kjærasten sin Marites Flor og Sotra-mannen Kjartan Sekkingstad i september i fjor.

Ridsdel blei likvidert i april og Hall leid ifølgje fleire kjelder den same lagnaden då den siste fristen for å betala løysepengar gjekk ut måndag.

Håpet svinn også for Sekkingstad og Flor, fryktar førsteamanuensis Jan Oskar Engene ved Universitetet i Bergen.

– Eg skulle gjerne svart det motsette, men det ser stadig meir alvorleg ut for han, seier Engene til NTB.

Kvifor gisseltakarane har likvidert dei to canadiarane, men hittil har valt å halda Sekkingstad og Flor i live, er han usikker på.

– Det tør eg ikkje å spekulera på, seier han. (©NPK)