Annonse

Terrorsikting mot canadiar etter at muslimsk familie vart meidd ned av lastebil

Mannen som er sikta for drap på fire medlemmer av ein muslimsk familie i Canada, er no òg sikta for terror.

Familien på fem vart køyrde ned av ein pickup då dei var ute og gjekk tur i byen London sørvest for Toronto for ei dryg veke sidan.

Det dreidde seg om eit ektepar, dei to døtrene deira og mora til mannen. Den einaste som overlevde var ei ni år gammal jente, men ho vart alvorleg skadd.

Ugjerninga er allereie stempla som terror av statsminister Justin Trudeau.

Påtalemakta meiner at den 20 år gamle mannen køyrde ned familien med vilje fordi dei var muslimar.

Den sikta har ingen kjende samband til ytterleggåande miljø, og han har enno ikkje erklært seg skuldig eller ikkje skuldig.

(©NPK)