Terrortiltalt ingeniør dømt til fengsel i to og eit halvt år

Ein 51 år gammal ingeniør er i Asker og Bærum tingrett dømt til to og eit halvt års fengsel for å ha oppfordra til terrorhandlingar.

Tingretten meiner det ikkje er tvil om at ingeniøren, som var tilsett i Aker Solutions, har oppfordra til terrorhandlingar, og at han har gitt opplæring i slike metodar.

Mannen har stått tiltalt for å ha delt ei bombeoppskrift, oppfordra til å true syriske helikopterpilotar og deira familiar, og oppfordra til tortur og drap på ein jordansk pilot som IS hadde tatt til fange.

Han var på jobb hos Aker Solutions på Fornebu då PST dukka opp på kontoret i mai 2015 og arresterte han.

Då rettssaka vart avslutta for to veker sidan, la statsadvokat Fredrik G. Ranke ned påstand om tre års fengsel for den 51 år gamle mannen.

Den tiltalte har nekta straffskuld og hevda at han ville infiltrere ekstremistgruppa IS og øydeleggje den frå innsida.