Terrortiltalt norskpalestinar blir utlevert til Frankrike

Ein 61 år gammal norsk-palestinsk mann blir fredag utlevert frå Noreg til Frankrike, der han er tiltalt for ein terroraksjon i 1982, skriv Dagbladet.

Ifølgje opplysningar Dagbladet har fått, blir 61-åringen henta fredag av franske styresmakter og flogen til Paris.

Utleveringa skjer etter at Justisdepartementet valde å oppfylle kravet frå franske styresmakter om å utlevere ein 61 år gammal norskpalestinar som er tiltalt for terror i 1982.

– Vilkåra for utlevering er til stades. No har vi ein frist på ti dagar med å effektuere vedtaket, sa seniorrådgivar Annett Aamodt i Politiets tryggingsteneste (PST) til NRK i slutten av november.

Mannen er tiltalt for å ha stått bak eit terrorangrep mot ein jødisk restaurant i Paris i 1982. Seks personar vart drepne og 22 skadde. Angrepet blir knytt til den no nedlagde militante palestinske Abu Nidal-organisasjonen (ANO), som fransk politi meiner nordmannen var ein del av.

Han flytta til Noreg med kone og barn i 1991 og vart norsk statsborgar seks år seinare.

Mannen nektar straffskuld og seier han ikkje var i Paris i 1982. Advokat Ole-Martin Meland anka utleveringskravet heilt til Kongen i statsråd, men fekk avslag der.

61-åringen har vore varetektsfengsla sidan 10. september, dagen etter at han vart arrestert av PST i Skien.

Frankrike prøvde òg å få mannen utlevert i 2015, men den gong tilsa lovverket at saka var forelda.

(©NPK)