Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Vasskraft gjer Noreg unikt posisjonert i verda til å kunne finansiere grønare energi og transport i framtida, meiner Elon Musk, grunnlegger av Tesla Motors.
npk@npk.no
Publisert: 21.04.2016 kl 10:19
Musk og statsminister Erna Solberg (H) tok torsdag del på konferansen til regjeringa om transportløysingar i framtida og omstilling til lågutsleppssamfunnet.
Musk peikte på at Noreg kanskje er det landet i verda som er best posisjonert til å produsere berekraftig energi på grunn av den rikelege tilgangen på vasskraft.
– Det er eit enormt vekstpotensial i norsk vasskraft. Den kan, i kombinasjon med høgeffektive kraftleidningar over lange distansar, faktisk dekke ein svært stor del av Nord-Europas straumbehov, sa Musk.
Han meiner norsk vasskraft og kraftlinjer kan bli bygt ut på ein miljøvennleg måte utan store lokale miljøøydeleggingar.
Musk varsla i Oslo også at Tesla Motors har fått nesten 400.000 ordrar på sin nyaste modell, som er meir familievennleg og rimelege enn dei to første modellane. (©NPK)