Tesla kallar tilbake fleire bilar – òg i Noreg

Bilprodusenten Tesla kallar tilbake fleire bilar av typen Model X og Model Y. Tilbakekallinga råkar og òg norske Tesla-eigarar.

Internasjonalt har Tesla allereie måtte kalle tilbake fleire tusen utgåver av sin Model X. Også tidlegare i år vart fleire Model X-bilar tilbakekalla. Det ramma òg norske eigarar, noko Tesla Noreg stadfestar overfor NRK òg gjeld den nye tilbakekallinga.

I februar i år vart over 1.000 slike bilar tilbakekalla i Noreg på grunn av problem med servostyringa, medan tilbakekallinga no gjeld problem med at interiøret i taket på bilen ikkje har vore godt nok festa.

Ifølgje Tesla Noreg gjeld tilbakekallinga ein del av bilane som vart leverte i 2016. Norske eigarar av ramma bilar vil bli kontakta.

Tesla kallar tilbake òg rundt 400 bilar av Tesla Model Y, ein modell som etter planen skulle lanserast i Noreg neste år.

(©NPK)

Det er bilar av hovudsakleg denne modellen, Tesla Model X, som no blir tilbakekalla for kontroll. Tilbakekallinga gjeld også bilar som er levert i Norge.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB