Annonse

Tesla lovar billegare batteri og auka rekkjevidd

Tesla jobbar med ein ny batteriteknologi som gjer selskapet i stand til å produsere rimelegare elbilar med større rekkjevidd.

Det nye batteriet vil auke rekkjevidda med 56 prosent, lova Tesla-sjef Elon Musk på eit aksjonærmøte natt til onsdag. Det betyr at Tesla kan produsere bilar som kan køyre 800 kilometer eller meir på éi lading.

Nyheita vart offentleggjord på at arrangement kalla Battery Day, som vart halde samtidig med aksjonærmøtet. Det var knytt store forventningar til batteridagen, og dei frammøtte aksjonærane, som hadde møtt opp i bilane sine for å halde avstand til kvarandre, applauderte entusiastisk med bilhornet då nyheita om det nye batteriet vart kjende.

Investorane var ikkje like imponerte over det som vart presentert. Dei håpa Tesla ville avsløre ei endå større utvikling i batteriteknologien.

Teslas aksjar fall med meir enn 6 prosent i handelen etter stengjetid etter Musks presentasjon. Det forsterka nedturen som starta i den vanlege handelen tysdag, då investorar byrja på førebu seg på ein mogleg skuffelse.

Selskapet har allereie starta å produsere det nye batteriet, men Musk skreiv måndag på Twitter at Tesla truleg ikkje er klar for masseproduksjon før 2022.

(©NPK)

Tesla-sjef Elon Musk lover slankare og rimelegare elbilar med lengre rekkjevidd. Foto: Susan Walsh / AP / NTB