Tesla skal bygge ny elbilfabrikk i Tyskland

Ein ny Tesla-fabrikk som skal levere elbilar til den europeiske marknaden, skal ligge i Tyskland, seier Tesla-sjef Elon Musk.

Musk seier ein ny «gigantfabrikk» skal ligge i Berlin, nær ein av flyplassane. Tesla skal òg etablere ei designavdeling i det aktuelle området.

- Alle veit at tysk ingeniørkunst er eineståande, og det er noko av årsaka til at vi kjem til å legge gigantfabrikken vår i Europa i Tyskland, fortalde Musk under Germany's Golden Steering Wheel.

Det har vorte meldt at selskapet håper å byrje den europeiske produksjonen i 2021, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

30 prosent av alle batteridrivne bilar i Europa er frå Tesla, ifølgje Tesla sjølv.

Førre månad starta Tesla elbilproduksjon i Kina.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix