Annonse

Testing av personar på MS Spitsbergen torsdag morgon

Ekspedisjonsskip Spitsbergen kjem til Tromsø klokka 9 torsdag morgon. Når skipet kjem, blir alle om bord testa.

– Dei vil vere i karantene inntil alle prøvesvara ligg føre og alle har testa negativt, sa kommunelege Kathrine Kristoffersen i Tromsø kommune på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.

– Dersom det er nokre positive prøvesvar, blir situasjonen vurdert annleis og karantenen vil halde fram, sa kommunelegen.

MS Spitsbergen har eit mannskap på 70, ifølgje Hurtigruten. 20 er norske, 46 er filippinske statsborgarar, og fire kjem frå europeiske land. Det er 64 gjester om bord. Tre av fire er norske. Resten kjem frå andre europeiske land.

(©NPK)