Annonse

Tettey fredar trenaren etter nedrykket: – Han har gjort alt han kunne

Laurdag vart det klart at Norwich rykkjer ned etter nok eit tap. Likevel vil ikkje Alexander Tettey leggje noko skuld på trenaren Daniel Farke.

Med 0-4-tap for West Ham i helga har Norwich inga moglegheit til å behalde plassen på Englands øvste nivå sjølv om det står att tre serierundar. Michail Antonios fire mål sørgde for at Tetteys lag endå ein gong må ta den sure turen ned til meisterskapsserien.

Nedrykket er Tetteys tredje med klubben, som no har rykt ned fem gonger totalt frå Premier League. Det er flest i England.

Nedrykket er ikkje trenar Daniel Farkes feil, meiner nordmannen.

– Sjefen har gjort alt han kan. Han har ikkje spelarar til 10, 15 eller 20 millionar pund. Han har unge talent blanda med nokre erfarne spelarar og ikkje alle hadde Premier League-erfaring, seier Tettey til Sky Sports.

Rykkte opp som meistrar

Sjølv om returen i Premier League vart kortvarig, gjorde Farke stor suksess då laget rykte opp sesongen før. Med 94 poeng tangerte laget poengrekorden i meisterskapsserien, og rykte opp med ein offensiv filosofi og heile 93 skåra mål.

Farke vart påskjønna med ein ny kontrakt som strekk seg ut 2022-sesongen, og Premier League-sesongen opna òg lovande. Dei fem første kampane herja Teemu Pukki med seks mål, som førte til mellom anna ein 3-2-siger over regjerande meister Manchester City.

Men defensivt sleit laget allereie frå start og etter kvart som måla frå Pukki og dei andre Norwich-spelarane uteblei, fall laget raskt ned på sisteplassen dei har lege på i heile 2020.

Då endar det med nok eit nedrykk for Norwich og Tettey, som igjen må belage seg på spel i meisterskapsserien.

(©NPK)

Alexander Tettey måtte laurdag skuffa innsjå at Norwich rykker ned. Foto: Alex Pantling / AP / NTB scanpix