«The Quad» møtest i Det kvite hus

Leiarane for Japan, India og Australia møter fredag president Joe Biden i USAs hovudstad Washington.

Dei fire landa blir omtalte som «The Quad», og dette er første gong dei held eit fysisk toppmøte.

Gruppa blir ofte omtalt som eitt av fleire amerikanske initiativ for å demme opp for Kinas veksande makt og innverknad. Men Kina står ikkje offisielt på dagsordenen for samtalane fredag.

I staden skal landa diskutere klimaendringane, pandemien og produksjon av koronavaksinar, ifølgje ei amerikansk kjelde. I tillegg er det venta at dei vil drøfte tilgangen på halvleiarar, som blir brukt i IT-industrien og har vorte ei mangelvare.

Statsministrane Rajendra Modi, Yoshihide Suga og Scott Morrison deltek alle på møtet. Dei hadde òg digitale samtalar med Biden i mars i år, og den gong var den indiske produksjonen av koronavaksinar eit av hovudtemaa.

I førre veke presenterte USA det nye forsvarssamarbeidet Aukus saman med Australia og Storbritannia. Då vart det òg kjent at Australia droppar planar om å kjøpe nye franske ubåtar og i staden kjøper amerikanske atomubåtar.

Kina sette lite pris på initiativet, og også Frankrike reagerte med sinne. India og Japan meiner likevel det er bra at Australia no skal utstyrast med atomubåtar.

(©NPK)

President Joe Biden i FNs hovedforsamling tidlegare denne veka. Foto: Evan Vucci / AP / NTB