Klargjør siden...

The Sun: Ødegaard lyspunktet på mørk Arsenal-kveld

Martin Ødegaards Arsenal gjekk på eit svidande 0-3-tap mot Tottenham, men nordmannen kom godt frå kampen. Champions League-jakta held fram.

Englands største avis, The Sun, gir Ødegaard sju poeng på ein skala frå éin til ti og skriv dette:

– Var utan tvil den beste utespelar til Arsenal og den einaste som kunne forlate heimebanen til Tottenham med ein flik av tilfredsheit.

Arsenal-målvakt Aaron Ramsdale fekk same karakter som Ødegaard.

Nederlaget til Arsenal gjer at kampen om fjerdeplassen på tabellen er open. Tottenham ligg berre eitt poeng bak Arsenal med to kampar igjen å spele. «Spurs» har langt betre målforskjell enn byrivalen.

Slik er stillinga og attståande kampar for dei tre laga som kjempar om å bli nummer tre og fire:

Chelsea: 70 poeng (Leicester heime 19/5, Watford heime 22/5)

Arsenal: 66 poeng (Newcastle borte 16/5, Everton heime 22/5)

Tottenham: 65 poeng (Burnley heime 15/5, Norwich borte 22/5).

(©NPK)

Martin Ødegaard får ein sjanse mot Tottenham. Foto: Matt Dunham / AP / NTB

Annonse