Annonse

Thiago Silva skadd, mister returkampen mot Dortmund

Paris Saint-Germain-spelar Thiago Silva har ein skade i låret og mister sjansen til revansje mot ei norsk målmskin.

Annonse

Det melder den franske storklubben på nettstaden sin. Thiago Silva pådrog seg skaden i helgas 4-3-siger over Bordeaux, og undersøkingar har påvist ein muskelskade. Legane tilrår minst tre vekers kvile.

Dermed mister den 35-årige brasilianaren sjansen til å revansjere seg mot Erling Braut Haaland, som herja med han i den første kampen i åttedelsfinalen i meisterligaen. Gong på gong gjekk den unge nordmannen seirande ut av duellane dei imellom, og han skåra begge måla til heimelaget i 2-1-sigeren.

Ander Herrera er òg ute med skade, og for hans del blir fråværet på seks–sju veker.

I tillegg til dei to må PSG i returkampen unnvere Marco Verratti og Thomas Meunier, som begge er utestengde som følgje av gule kort.

Returkampen i Paris blir spelt 11. mars.

(©NPK)

Thiago Silva (på bakken) har ikkje gode minne frå møte med Erling Braut Haaland i mesterligaens åttedelsfinale. Brasilianaren er skadd og får ingen sjanse til revansj i returkampen 11. mars. Foto: Michael Probst, AP / NTB scanpix