Annonse

Thingnes Bø jubilerte, tok den 40. verdscupsigeren i karrieren

Johannes Thingnes Bø måtte tole éin bom, men gjekk likevel til topps i verdscupsprinten i skiskyting i Hochfilzen fredag.

Annonse

Sigeren var den 40. i karrieren for stryningen. I alt står han med 21 sigrar i sprintrenn.

Fredag skaut 26-åringen fullt på liggande skyting, men måtte tole ein strafferunde på ståande. Sedvanleg solid fart i sporet gjorde likevel at konkurrentane ikkje klarte å matche tida hans.

– Det var planen å gå hardt ut. Eg prøvde å samle beina og sjå framover. Det var det eg skulle tenke på i dag, sa Thingnes Bø til NRK.

– Eg hadde veldig lyst på ti treff, så eg senka skuldrene og var bestemt. Dessverre vart det ein bom, men eg gjekk i kjellaren på sisterunden, la han til.

Franske Simon Desthieux vart nummer to i Hochfilzen, medan russiske Alexander Loginov tok tredjeplassen. Dei var slått med høvesvis 7,8 og 14,6 sekund av Thingnes Bø.

Tarjei med rakettfart

Storebror Tarjei Bø beviste òg at forma er god i Hochfilzen. Han skaut fullt på liggande og fekk ryggen på veslebror Johannes på mellomrunden. Det kosta krefter, og kanskje bidrog det til at han måtte tole to strafferundar på ståande.

Til slutt vart han nummer seks, slått med berre 23,4 sekund av veslebror.

– Eg skal ikkje bli bortskjemd, men eg er litt skuffa. Eg hadde eit perfekt løpsopplegg med bra skyting, og deretter fekk eg ryggen til Johannes. Det var opplegg for smash, men eg bomma på ballen. Litt surt, sa han.

– Det vart samtidig ein herleg Bø-dag med Johannes som vinn, så det får vi vere fornøgde med, la han til.

Sterk Dale

Det var i det heile ikkje mykje å utsetje på den norske laginnsatsen i Hochfilzen. Johannes Dale har tatt verdscupen med storm denne sesongen. Fredag vart det 11.-plass i Austerrike.

Romerikingen var i mål slått med 40,9 sekund av lagkameraten på toppen av sigerspallen. Han nøgde seg med éin strafferunde på sprinten.

Erlend Bjøntegaard skaut to fulle hus, men farten i langrennssporet var ikkje heilt som for dei beste. I mål vart det 15.-plass, slått med 47,6 sekund av teten.

Vetle Sjåstad Christiansen låg på 21.-plass då 70 løparar hadde gått i mål.

(©NPK)

Johannes Thingnes vann i Hochfilzen fredag. Foto: Fredrik Sandberg/TT NYHETSBYRÅN / NTB scanpix