Thingnes Bø kollapsa fullstendig, Sjåstad Christiansen sikra norsk sprintsiger i USA

Johannes Thingnes Bø var på veg mot endå ein siger, men sprakk. Då tok Vetle Sjåstad Christiansen ansvar og vann skiskyttarsprinten i USA.

Triumfen var Christiansen sin første siger i verdscupen. Han hadde frå før ein tredje- og ein andreplass. Med feilfri skyting og imponerande fart i sporet var det ingen som kunne måle seg med 26-åringen i Soldier Hollow i Utah. Han gjekk i mål 1,3 sekund framfor franske Simon Desthieux.

Franske Fabien Claude på siste startnummer skapte spenning. Han låg lenge jamt med Christiansen, men då han bomma på ståande var den norske sigeren klar.

Den soleklare verdscupleiaren Johannes Thingnes Bø starta forrykande og gjekk ut i eit ekstremt høgt tempo. Med fullt hus på liggjande skyting gjekk han ut i leiinga heile 16,7 sekund føre Benedikt Doll. Han auka i sporet, og det såg ut til at 25-åringen var på veg mot ein ny maktdemonstrasjon, men på siste skyting gjekk det fullstendig gale.

Thingnes Bø bomma på dei fire første skota, og til slutt var han over 40 sekund bak teten.

(©NPK)

Vetle Sjåstad Christiansen leverte eit praktfullt løp i USA. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Johannes Thingnes Bø var på veg mot eit kjempeløp, men på ståande skyting vart det fullstendig sprekk. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix