Annonse

Thingnes Bø med sjuande strake verdscupsiger – firedobbelt norsk

Det vart firedobbelt norsk på skiskyttarsprinten i Nove Mesto torsdag. Øvst på pallen stod endå ein gong Johannes Thingnes Bø.

Annonse

Etter å ha vorte VM-konge i Oberhof, heldt han fram med å levere frå øvste hylle i det første verdscuprennet etter meisterskapen. Det gjorde også Tarjei Bø og Vetle Sjåstad Christiansen som tok dei to neste pallplassane. Endre Strømsheim vart nummer fire, 2,7 sekund bak tredjeplassen.

Thingnes Bø opna raskt på førsterunden og trefte alle blinkar på liggjande skyting. På andre skyting vart det meir av det same, og verdscupleiaren var dermed utilnærmeleg for konkurrentane.

– Eg gjer eit ekstremt bra løp endå ein gong. Ordentleg bra skiskyting. Eg har vore motivert og klar, men at det skulle gå så bra er litt over forventning. Det er moro, sa ein fornøgd Thingnes Bø til TV 2 etter målgang.

Sigeren var stryningens 70. i verdscupsiger i karrieren.

Tarjei Bø matcha broren i talet på treff, men greidde ikkje å levere ei langrennstid av same kaliber. I mål enda han halvminuttet bak leiartida.

– Irriterande veslebror

Bø, som også kom på 2.-plass i VM-sprinten bak veslebroren, synest det var irriterande at han endå ein gong ikkje nådde heilt opp til toppen av pallen.

– Både i VM og her kjenner eg det er eit gull-løp. Men så har vi ein skiskyttar då, ein litt irriterande veslebror. Han er ikkje så god på å dele broderleg, sa storebror Bø til TV 2 med glimt i auget.

Også Strømsheim leverte feilfritt på standplass og gjekk ut som tredjemann frå ståande skyting. På sisterunden måtte han likevel sjå seg slått av Christiansen. Strømsheim mista sjansen til å ta tredjeplassen då han brekte staven på veg ut frå siste skyting.

– Det er veldig, veldig herleg å hamne på pallen, men det er litt kjipt med måten det skjer på, at Endre går ut med ein knekt stav der. Men det er sånn idretten er, det er brutalt av og til, sa Christiansen til TV 2.

– Dei mest profesjonelle landslaga i verda

30-åringen er ikkje overraska over at nordmennene held fram med å levere sterkt også etter VM.

– Vi er dei mest profesjonelle landslaga i verda. Vi slepper oss ikkje ned før påska er der. Det får dei andre kjenne litt på i dag, at vi ikkje har teke ferie enno, sa Christiansen.

Fabien Claude enda nærast dei fire norske i tet, 1.23 minutt bak Thingnes Bø, men berre seks sekund bak Strømsheim.

Johannes Dale greidde seg med éin bom på første skyting, men hamna heilt ut av kampen om dei øvste plasseringane då han bomma tre gonger på ståande skyting.

Rennet gjekk utan verdscuptoar Sturla Holm Lægreid, som reiste heim onsdag etter å ha testa positivt på koronaviruset.

(©NPK)

Johannes Thingnes Bø tok nok ein siger då han vann sprinten i Nove Mesto. Foto: Petr David Josek / AP / NTB

Johannes Thingnes Bø vann sprinten i Nove Mesto. Foto: Petr David Josek / AP / NTB