Annonse

Thorbjørn Jagland varslar oppvask - skal skrive memoarar

Thorbjørn Jagland har mykje han har brunne inne med. No er han snart ferdig som generalsekretær i Europarådet - og klar til å ta bladet frå munnen.

Annonse

- Det er eit veldig stort prosjekt som eg må jobbe veldig, veldig grundig med for å få det rett, seier Jagland i eit intervju med NTB.

Han er no inne i det siste halvåret sitt som generalsekretær i Europarådet.

Når han går av, blir 68-åringen pensjonist på heiltid. Då ventar båtliv og turar i fjell og mark.

Men Jagland skal òg skrive sjølvbiografi.

- Det er mange ting eg føler meg forplikta til å skrive om, seier han.

Har halde igjen

Jagland fortel at det er ting som har skjedd opp gjennom åra, ofte gong på gong, som han har venta lenge med å snakke om.

- Eg har følt at eg har vore i ein situasjon der det ikkje ville ha tatt seg ut. Det hadde ikkje vore passande å seie dei tinga eg har lyst til å seie, forklarer han.

- Eg har meint at når eg har høge tillitsverv i Noreg og Europa, så er det ikkje passande å ligge i konflikt med andre personar.

Maktkamp

Jagland var partileiar i Arbeidarpartiet i ti år. Han vart statsminister i 1996, men gjekk av berre eitt år seinare fordi valresultatet ikkje levde opp til det skjebnesvangre ultimatumet hans om at oppslutninga måtte vere minst like god som i det førre valet - 36,9 prosent - for at han skulle halde fram.

Dei neste åra vart prega av ein bitter maktkamp med Jens Stoltenberg, som til slutt overtok som partileiar i 2002.

Det vart starten på ein ny fase for Jagland. I 2005 vart han stortingspresident. Så overtok han som leiar i Nobelkomiteen i 2009, same året som han vart vald til generalsekretær i Europarådet.

Domstolsreform

Jagland meiner at Europarådet er i ei heilt anna forfatning no enn då han tok over.

Han trekker særleg fram Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, som var nedlest ned av gamle saker då han tiltredde. Talet steig til rundt 160.000 på det meste.

- Det var ei djup krise. Domstolen fungerte ikkje slik han skulle, med ein så stor restanse, seier Jagland.

No har domstolen vore gjennom viktige reformer, og talet på saker er redusert med to tredelar.

Kontroversar

Men vervet i Europarådet har òg ført med seg kontroversar.

Jagland har til dømes vorte skulda for å vere ettergivande overfor Russland, som han fryktar kan krasje ut av Europarådet allereie før han går av i haust.

Og han har vorte skulda for å vere passiv i samband med avsløringane om det såkalla kaviardiplomatiet til Aserbajdsjan i Europarådets parlamentarikarforsamling, PACE.

Kritikk av pressa

Sjølv har Jagland lite til overs for kritikken. Han meiner mykje av det som har skjedd i Europarådet og parlamentarikarforsamlinga, har vorte feilaktig framstilt i Noreg.

- Det viser framfor alt at viss ein skal rapportere om noko, så bør ein vere til stades ganske jamleg og skjønne kva som skjer, og ikkje jumpe inn og tru at ein veit alt. For då blir ein veldig fort offer for folk som har skjulte agendaer, åtvarar han.

At Jagland til tider har hatt eit vanskeleg forhold til pressa i Noreg, er ikkje til å legge skjul på. Noko eige kapittel i sjølvbiografien trur han neppe det blir, men Jagland seier han har gjort seg nokre tankar om kvifor det har vorte slik.

- Det har eg. Men det vil eg heller ikkje komme med no.

Fakta om Thorbjørn Jagland

  • Generalsekretær i Europarådet sidan oktober 2009. Attvald for fem nye år i 2014. Går av 30. september i år.
  • Leiar av Nobelkomiteen 2009-2015, deretter medlem i komiteen.
  • Stortingspresident 2005-2009.
  • Utanriksminister i Jens Stoltenbergs første regjering 2000-2001.
  • Statsminister 1996-1997.
  • Stortingsrepresentant frå Buskerud 1993-2009.
  • Leiar i Arbeidarpartiet 1992-2002.
  • Partisekretær i Arbeidarpartiet 1986-1992.
  • Leiar i AUF 1977-1981.
  • Fødd 5. november 1950 i Drammen. Gift med Hanne Grotjord og har to søner. Etter studium i sosialøkonomi har han vigd heile yrkeslivet til politiske verv.

(©NPK)

Thorbjørn Jagland har vore generalsekretær i Europarådet sidan 2009. I haust går han av. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix