Thorstvedts trenar fekk sparken

Genk kvittar seg med John van den Brom som hovudtrenar etter fleire svake resultat. Det belgiske laget har Kristian Thorstvedt som ein av nøkkelspelarane sine.

Sparkinga vart kjend måndag ettermiddag. Genk er utan siger på fire seriekampar og har berre vunne éin av sine siste åtte. Etter 17 rundar ligg klubben på 8.-plass med 22 poeng.

Mellombels skal danske Glen Riddersholm og Domenico Oliveri dele på trenaransvaret. Riddersholm vart for ein månad sidan henta til Genk som assistent.

Thorstvedt har vore i det belgiske laget sidan han forlét Viking i januar 2020. Seinast i helga fekk han ros frå Genks sportsdirektør Dimitri De Condé i eit avisintervju. Der vart rogalendingen omtalt som «den mest komplette fotballspelaren i Belgia».

Genk vart belgisk seriemeister så seint som i 2019.

(©NPK)

Kristian Thorstvedt i aksjon for Noreg i oktober. Måndag vart det kjent at trenaren hans i Genk har fått sparken. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB