Thunberg tar katamaran til Spania

Klimaaktivisten Greta Thunberg skal segle frå Virginia på USAs austkyst til Spania med ein 15 meter lang katamaran for å delta på klimatoppmøtet i desember.

Med seg på turen «over dammen» på La Vagabonde har ho den britiske seglaren Nikki Henderson, far sin Svante Thunberg, dei australske båteigarane Riley Whitelum og Elayna Carausu og sonen deira Lenny på elleve månader.

Turen over Atlanterhavet startar frå Hampton onsdag, skriv 16-åringen på Twitter.

Til liks med den førre seglturen hennar blir turen tilbake til Europa av den miljøvennlege sorten. La Vagabonde er utstyrt med solcellepanel og vassturbinar som sørger for straum. Denne gongen vil det likevel vere eit toalett på fartøyet.

- Det er uendeleg mange rundt om i verda som ikkje har tilgang til toalett. Det er ikkje viktig, men det er fint å ha, seier Thunberg om oppgraderinga.

Det er venta at turen kjem til å ta to til fire veker, men Thunberg satsar på at ho rekk fram til Madrid før klimatoppmøtet i starten av desember.

Thunberg bad i starten av november om hjelp til å returnere til Europa i og med at klimakonferansen vart flytta frå Chile til Spania. Båteigarane Whitelum og Carausu kontakta Thunberg for å tilby henne å sitje på. Australiarane skal dokumentere reisa.

Thunberg, som ikkje vil fly av miljøomsyn, har vore i Nord-Amerika sidan ho i august kryssa Atlanterhavet med seglbåten Malizia II.

(©NPK)

Greta Thunberg om bord på katamaranen onsdag. På den skal ho segle over Atlanterhavet. Foto: Ben Finley / AP / NTB scanpix