Ti barn drepne i Nato-angrep i Afghanistan

13 sivile afghanarar vart ifølgje FN drepne i eit Nato-angrep i Kunduz-provinsen nord i landet i helga, blant dei ti barn.

Nato har ikkje kommentert flyangrepet, og det er uklart om det kom som følgje av kampane på fredag utanfor provinshovudstaden Kunduz der to amerikanske soldatar vart drepne.

- Dei førebelse undersøkingane våre viser at ti av dei som vart drepne var barn og tilhøyrde ein storfamilie som hadde flykta frå kamphandlingar ein annan stad i landet, heiter det i ei kunngjering frå FNs kontor i Kabul.

Ifølgje Khosh Mohammad Nasratyar, som er medlem av provinsrådet i Kunduz, vart ytterlegare tre barn såra i Nato-angrepet.

Ifølgje ein fersk FN-rapport vart det drepe fleire sivile i Afghanistan i fjor enn i noko anna år sidan FN byrja å føre statistikk for ni år sidan.

Over 500 sivile afghanarar vart ifølgje rapporten drepne i fly- og droneangrep i 2018, også det er ein dyster rekord.

(©NPK)