Ti sivile døydde etter Saudi-leidde luftangrep i Jemen

Opprørsstyrkar i Hodeida seier at minst ti sivile vart drepne i luftangrep frå ein Saudi-leidd koalisjon fredag, trass i at det er erklært våpenkvile i byen.

Koalisjonsstyrkane, som kjempar mot Houthi-opprørarane, sa tidlegare denne veka at dei mellombels har stoppa ein stor operasjon i hamnebyen Hodeida, etter trykk frå internasjonale aktørar om å ende den fire år lange krigen.

Youssef al-Hadiri, talsmann for helsedepartementet som er underlagt Houthi-opprøraranes kontroll, seier til nyheitsbyrået DPA at meir enn 10 sivile har vorte drepne i to separate åtak i byen på torsdag og fredag. Koalisjonen har ikkje komme med nokon kommentar.

Koalisjonen blir styrt av Saudi-Arabia, og har sidan juni kjempa mot Houthi-opprørarane om å ta tilbake kontrollen i den viktige hamnebyen Hodeidi, som er inngangsporten for 80 prosent av bistand og eksport til Jemen.

Houthi-opprørarane er støtta av Iran.

(©NPK)