Klargjør siden...

Tidlegare biskop Per Lønning er død

(NPK-NTB): Professoren, biskopen og Høgre-politikaren Per Lønning, er død, 88 år gammal. Det opplyser familien til NTB.

Per Lønning blir rekna som ein av dei aller viktigaste og mest markante profilane i Den norske kyrkja i andre halvdel av 1900-talet.

Lønning var biskop i Borg og Bjørgvin bispedømme, professor i Oslo og Strasbourg og stortingsrepresentant for Høgre frå 1958 til 1965. Han skreiv meir enn 50 bøker og hadde doktorgrad både i teologi og idéhistorie.

Per Lønning var bror til politikaren Inge Lønning, som døydde i 2013. (©NPK)

Annonse