Annonse

Tidlegare FBI-jurist for retten for å ha loge

Ein tidlegare FBI-jurist blir stilt for retten i samband med granskinga av etterforskinga av samband mellom Russland og Donald Trumps valkamp.

Kevin Clinesmith blir venta å seie seg skuldig i eitt tilfelle av å ha loge når han møter i retten som følgje av granskinga til statsadvokat John Durham av heile komplekset av etterforsking av Trumps Russlands-samband.

Demokratane ser på granskinga som eit politisk motivert forsøk på å gjenopne ei etterforsking som er ferdig og avgjord. Dei fryktar at rettssaker og tiltalar kjem slik at det påverkar valet i november.

Durhams gransking har gått føre seg parallelt med at republikanarane i Senatet prøver å diskreditere Russlands-granskinga, og justisminister William Barr har trappa opp sin eigen kritikk av FBIs gransking av banda mellom Russland og Trump.

Saka mot Clinesmith har bakgrunnen sin i justisdepartementets generalinspektørs eiga undersøking av Russlands-granskinga.

Undersøkinga hans konkluderte med at det var legitimt å starte granskinga av sambanda mellom Russland og Trumps valkamp, og at det ikkje var teikn til at den var politisk motivert.

Men han fann òg at FBI gjorde enkelte alvorlege feil då dei søkte løyve til telefonavlytting av rådgivaren til Trump-kampanjen Carter Page, og i samband med dette at Clinesmith endra ein e-post som gjorde løyvet lettare.

Barr sa til Fox News at rettssaka mot Clinesmith ikkje er veldig viktig, men at den viser at granskinga er i gang.

(©NPK)