Annonse

Tidlegare forsikringsrådgjevar tiltalt for millionbedrageri mot 48 eldre kvinner

Ein tidlegare forsikringsrådgjevar er tiltalt for grovt bedrageri, grov utruskap og kvitvasking for å ha lurt 48 eldre kvinner til å satse på eigedomsprosjekt.

Annonse

Etter fem års etterforsking er tiltalen i den såkalla Operasjon Silver Ladies klar. Ifølgje tiltalen på ni sider som Dagens Næringsliv siterer, har den tidlegare forsikringsrådgjevaren fått kvinnene til å investere nesten 41 millionar kroner i fleire eigedomsprosjekt.

Frå 2003 til 2013 skal han ifølgje skuldingane ha villeia dei 48 eldre kvinnene og éin mann til å sette alt frå nokre hundre tusen til fleire millionar kroner kvar i prosjekta.

- Han gav uttrykk for at det var tale om sikre investeringar som ville bli betalt tilbake og som ville gi høgare avkasting enn å ha pengane plasserte i banken, skriv statsadvokat Kari Hangeland Buvik i tiltalen.

I tillegg til bedrageriet er forsikringsrådgjevaren tiltalt for grov utruskap og kvitvasking.

- Investeringsobjekta vart kjøpte til overpris, og kjøpesummen vart ikkje tilført investeringsselskapa for utvikling av investeringsobjekta, heiter det i tiltalen.

Politiet vil krevje erstatning på vegner av dei eldre investorane for fleire millionar.

- Han har heile tida gitt uttrykk for at han ikkje har gjort noko straffbart, og det held han fast ved framleis, seier forsvarar Erling Olav Lyngtveit.

Kvart av punkta i tiltalen kan straffast med inntil seks år i fengsel.

(©NPK)

Operasjon Silver Ladies er ferdig etterforska. Det er 48 eldre kvinner som skal ha tapt rundt 41 millionar kroner på investeringar som ikkje hadde noko for seg. Foto: Berit Roald / NTB scanpix