Tidlegare NSB-sjef: Politikarane lir av konkurransehysteri

Tidlegare konsernsjef i NSB Osmund Ueland seier at det er feil å setje ut fleire togtrekningar på anbod.

Ueland er oppgitt over at politikarane ikkje løyver meir pengar til doble spor. Han meiner dei lir av «konkurransehysteri», ifølgje NRK.

- Det er absolutt heilt feil fokus. Viss ein er opptatt av å forbetre togtilbodet til reisande, så må ein bygge doble spor. Slik kan ein køyre fleire tog og raskare. Då blir òg kostnaden for samfunnet mindre, seier Ueland.

Måndag blir det klart om det framleis er Vy eller nokon andre som skal få køyre mellom anna Dovrebanen, Trønderbanen og Nordlandsbanen. Tidlegare vann det britiske selskapet Go Ahead konkurransen om Sørlandsbanen.

Tiårsavtalen mellom Go-Ahead og Bane Nor Eiendom trer i kraft 15. desember 2019, når den største jernbaneoperatøren i Storbritannia togar inn på Jærbanen, Arendalsbanen og Sørlandsbanen.

(©NPK)

Jernbanedirektør Kirsti Slotsvik skal kunngjere om det blir Vy eller nokon andre som får kontrakten for den andre trafikkpakken som er lagt ut for konkurranse om togtrafikken i Noreg. Foto: Berit Roald / NTB scanpix