Tidlegare statsråd orienterte statsministeren om at han var frimurar

Tidlegare olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) opplyser til NRK at han orienterte Statsministerens kontor om at han var frimurar.

Onsdag stadfesta fiskeriminister Geir-Inge Sivertsen (H) at han har meldt seg ut av Frimurarlosjen etter råd frå statsminister Erna Solberg.

Tidlegare olje- og energiminister Freiberg opplyser at også han er medlem i Frimurarlosjen, og at han òg var det då han var statsråd.

– Eg kan stadfeste at eg orienterte om medlemskapen min i Den norske frimurarlosje då eg vart statssekretær i Olje- og energidepartementet i 2015, og stadfesta dei same opplysningane då eg vart statsråd i 2018. Dei samtalane som fann stad ved utnemninga som statssekretær og statsråd med mine overordna, har eg ingen kommentarar til, skriv Freiberg til NRK.

(©NPK)

Kjell-Børge Freiberg (Frp) var olje- og energiminister frå august 2018 til desember 2019.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix