Tidlegare tryggingsrådgivar Brent Scowcroft er død

Brent Scowcroft, som var nasjonal tryggingsrådgivar under presidentane Gerald Ford og George H.W. Bush, døydde torsdag, 95 år gammal.

Scowcroft var ein nær rådgivar av president Richard Nixon og den einaste i USAs historie som har tenestegjort som nasjonal tryggingsrådgivar under to presidentar.

Den tidlegare generalen var i mange år sentral i utforminga av USAs utanrikspolitikk, både etter Vietnamkrigen, då kommunismen fall i Aust-Europa, då Kina slo nådelaust ned på demonstrantar på Himmelfredsplassen og då Saddam Hussein invaderte Kuwait.

Scowcroft var òg rådgivar for president Jimmy Carter under nedrustingsforhandlingar, og han leidd president Ronald Reagans program for å modernisere USAs atomvåpen.

Han samarbeidde i mange år tett med USAs tidlegare utanriksminister Henry Kissinger og var blant dei som meinte at det var eit feilsteg av USA å invadere Irak i 2003.

Saman med Carters nasjonale tryggingsrådgivar Zbigniew Brzezinski skreiv han i 2008 boka «America and the World: Conversations on the Future of American Foreign Policy» og var ei stemme mange lytta til i spørsmål knytt til utanriks- og tryggingspolitikk.

(©NPK)

USAs tidlegare nasjonale sikkerheitsrådgivar Brent Scowcroft er død, 95 år gammal. Foto: AP / NTB scanpix