Annonse

Tigerbestanden i Nepal er i vekst

Den trua bestanden av bengaltiger i Nepal har på fem år auka frå 198 til 235 dyr, viser ei tigerteljing som no er offentleggjort av styresmaktene.

Tigerteljinga viser vekst i bestanden frå 2013 og fram til no, og utviklinga blir kopla til innsatsen frå myndigheitene der målet er å doble bestanden innan 2022.

- Veksten i talet på tigrar har gitt håp for Nepals bevaringsprogram, seier Suman Subedi, ein talsmann for skog- og miljødepartementet i landet.

Tigerteljinga som vart lagt fram søndag, har blitt gjennomført gjennom i ein seksmånadersperiode i tre nasjonalparkar. Viltekspertar, skogvaktarar og sikkerheitspersonell har hjelpt til. Det var også utplassert over 4.000 kamera, og ekspertar tok seg rundt gjennom dei sørlege sletteområda i landet, der tigrane held til, ved hjelp av rundt 600 elefantar.

Avskoging, innsnevring av leveområde og krypskytteri har ført til stor nedgang i bestanden av store kattedyr i Asia. I 2010 skreiv Nepal og 13 andre land under på eit løfte om å doble tigerbestanden innan 2022.

- Nepal er no berre få tigrar unna å nå vårt mål om dobling av bestanden innan 2022, men dette understrekar det vidare behovet for å sikre tigrane vern og behovet for å sikre betre og samanhengande leveområde og langsiktige overleving for arten, seier Ghana Shyam Gurung, Nepals representant i World Wide Fund for Nature, i ei fråsegn.

I 1900 fanst det anslagsvis over 100.000 tigrar i verda. Talet var falle til 3.200 i 2010, men har sidan tatt seg noko opp til 3.900.

(©NPK)