Klargjør siden...

Tilsett i USAs sikkerheitsetat sikta for våpenlovbrot

(NPK-NTB-AFP): Ein tilsett i USAs sikkerheitsmyndigheit Homeland Security er suspendert og sikta for brot på våpenlova. Styresmaktene etterforskar om han planla eit angrep på arbeidsplassen.

Han vart ifølgje Washington Post sikta for brot på våpenlova 10. juni. I rettsdokument knytt til saka står det at han dagen før kom til arbeidsplassen sin – hovudkvarteret til Departement for Homeland Security (DHS) – med ein finkaliberet pistol, ein kniv, eit infraraudt kamera, peparspray og handjern.

– Ein person tilsett hos oss vart halden igjen torsdag 9. juni etter at sikkerheitsvakter fann eit skjult handvåpen, bekreftar ein talsmann for DHS. Han bekreftar ikkje identiteten til mannen, men det skal vere snakk om ein 45 år gammal mann.

45-åringen hadde ikkje løyve til å bere skjult våpen, og han vart arrestert og sikta for brot på våpenlova. DHS opplyser at mannen er suspendert.

I tillegg til brotet på våpenlova, etterforskar styresmaktene om mannen åleine eller saman med andre «planla å gjere seg skuldig i vald mot høgtståande DHS-tenestemenn i bygninga», skriv avisa.

Advokaten til mannen har førebels ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. (©NPK)

Annonse