Annonse

Tilstår drap på bulgarsk journalist

Mannen som er arrestert og sikta for drapet på den bulgarske journalisten Viktoria Marinova, har tilstått drapet, opplyser tysk påtalemakt.

Annonse

21-åringen, som er bulgarsk statsborgar, vart arrestert i Tyskland tysdag og sikta for valdtekt og overlagt drap. Han har tilstått drapet, men nektar for å ha valdtatt Marinova, opplyser tysk påtalemakt fredag.

Mannen vil om kort tid bli utlevert til Bulgaria.

Viktoria Marinova (30) vart funnen valdtatt og drepen i ein park i byen Ruse i Bulgaria laurdag. Ho var ein kjent journalist og leidde eit TV-program som i førre veke la fram opplysningar om mogleg misbruk av EU-middel.

Bulgarsk politi etterforskar om drapet har noko med jobben hennar å gjere, men styresmaktene i landet sa tidlegare denne veka at bevisa tyder på at angrepet var spontant og ikkje kan setjast i samanheng med virke hennar som gravejournalist.

EU-kommisjonen har bedt om ei grundig etterforsking av drapet, og bulgarske styresmakter etterforskar også påstandane om misbruk av EU-middel.

(©NPK)

Den bulgarske gravejournalisten Viktoria Marinova vart funnen valdtatt og drepen sist helg. Ein 21 år gammal mann som vart arrestert i Tyskland tysdag, har tilstått drapet. Foto: AP / NTB scanpix